Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

Hovlands litterære kanon

23. oktober kl. 19:3021:30

Det Norske Samlaget og vennelaget Samlagsrota ønskjer velkomen til
Hovlands litterære kanon.

Ragnar Hovland i samtale med Finn Tokvam

Kaffistova 23. oktober kl. 19.30.

I si nye essaybok plukkar Ragnar Hovland opp tråden frå Kunsten å komme heim og andre essay (2011) og leier oss vidare gjennom sin personlege litterære kanon. Vi får mellom andre møte Arthur Conan Doyle, Stella Gibbons, Torgny Lindgren, Kenneth Grahame, Kjartan Fløgstad, John Steinbeck, Arne Garborg, A.A. Milne og Claes Hylinger. Vi får òg lese meir samfunnsorienterte essay, som den sterke teksten om Charlie Hebdo, og vi blir vitne til det som kunne blitt eit intervju med Odd W. Surén. Også artisten Nico er å finne i samlinga, og vi får høyre om kunnskapsbøkene som frå tidleg av var viktige for Hovland.

«Det er en fryd å boltre seg i Ragnar Hovlands tekster», skreiv Jon Øystein Flink (Klassekampen) om den førre essayboka, Kunsten å komme heim og andre essay.

Du er hjarteleg velkomen! Ta gjerne med deg andre til ei hyggjeleg kveldsstund i Kaffistova.

Arrangert av Vennelaget Samlagsrota.

Arrangementet er gratis.

Sal av spekemat, suppe og drikke.
Påmelding: Samlagsrota@gmail.com

RAGNAR HOVLAND (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han utgitt over 50 bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.

Detaljar:

Dato
23. oktober
Tid:
19:30 – 21:30
Kategoriar:
,

Lokale

Kaffistova
Rosenkrantz' gate 8
Oslo, 0159
+ Google-kart

Detaljar:

Dato
23. oktober
Tid:
19:30 – 21:30
Kategoriar:
,

Lokale

Kaffistova
Rosenkrantz' gate 8
Oslo, 0159
+ Google-kart