Lastar Hendingar

« All Events

Krantz // Respons

30. mars kl. 19:0020:30

- kr100–kr200

KRANTZ inviterer til konsert laurdag 30.mars kl. 19.00 i Nynorskens hus. Det er slagverkaren Terje Viken som har sett saman programmet for kvelden og vi får høyre musikk skrive av han sjølv og to av førebilete hans, Terje Rypdal og Arne Nordheim.

Terje seier sjølv om programmet:
«Arne Nordheim har alltid hatt ein spesiell plass for meg. Heilt sidan før eg begynte å studere musikk, då jeg høyrte hans Doria, Stormen og Aurora, har hans produksjon betydd mykje for meg – som lyttar, utøvar og komponist.
Ei slags gjenkjenning er vel nøkkelordet – hans musikalske landskap opna opp perspektivet, innover og utover. «Respons» for to slagverkarar og elektroniske lydar er ein klassiker innan slagverkslitteraturen.

På same måte er det med Terje Rypdal – ei stor inspirasjonskjelde heilt frå eg sto som publikum på Sardines (Club 7) og blei overvelda av The Chasers. Som med Nordheim er dette snakk om ei slags kjensle – få eit kick, oppdage noko som kjenst bra, finne fram til noko som eigentleg ikkje kan skildrast med ord. Det er ei ære, og med audmjukskap eg urframfører hans «Periculum» for solo-slagverk.

Rønnaug Kleiva hadde skrive teksten til eit lite stykke av Arne Nordheim for Norsk Jentekor. I ettertid har vi samarbeida, m.a. ved Nynorske Festspela i Ørsta. Tekstane til «enno er tapa berre i si byrjing» er henta frå hennar prosa, romanar og dikt.»

Program:
Terje Rypdal: Periculum (urframføring)
Terje Viken: Enno er tapa berre i si byrjing (urframføring)
Arne Nordheim: Respons

Medverkande:
Terje Viken, slagverk
Marius Søbye, slagverk
Rønnaug Kleiva, resitasjon

Detaljar:

Dato
30. mars
Tid:
19:00 – 20:30
Billettpris:
kr100–kr200
Kategori:
Nettstad:
www.krantz.no

Lokale

Nynorskens hus
Rosenkrantz gate 8
Oslo,
+ Google-kart
Nettstad:
https://nynorskenshus.no

Detaljar:

Dato
30. mars
Tid:
19:00 – 20:30
Billettpris:
kr100–kr200
Kategori:
Nettstad:
www.krantz.no

Lokale

Nynorskens hus
Rosenkrantz gate 8
Oslo,
+ Google-kart
Nettstad:
https://nynorskenshus.no