Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

Minutt til solnedgang

15. september kl. 19:0019:40

foto: Darja Olsevskaja

Minutt til solnedgang 

av Edwin Cabascango

Verdas fyrste tolking av av Jon Fosse si nye bok Septologien I–II Det andre namnet.

Framsyninga er ei fysiske tolking av Septologien I–II Det andre namnet, på eit vis der ingen er hovudpersonar, men heller små brikker som til saman fortel om menneskeleg relasjon. Som fortel om kva konsekvensar det har når to sjeler møtest. Korleis ein fysisk kropp kan reagere på det å sjå, møte og røre ein annan kropp.

Facebook-hending

Utøvarar: 

Dansarar: Luana Battisteli, Eline Olsen, Dagmara Maslowska, Synne Erichsen

Skodespelar: Emil Rodrigo Jørgensen

Musikar: Joel Ring

Koreograf: Edwin A. Cabascango

Kor: Songlaget i BUL med urframføring av Auge i vind, tekst: Jon Fosse, komposisjon: Liv Ulvik, dirigent: Mari Tveito

Framsyninga varer i 35 minutt

Produsert av Den mangfaldige scenen i samarbeid med Texture and Movement

 

Edwin A Cabascango er utdanna innan klassisk dans og pedagogikk frå Kunsthøgskolen i Oslo. Han driv companiet Texture and Movement og har vore instruktør, koreograf og regissør i Den mangfaldige scenen sidan 2017.

Emil Rodrigo Jørgensen er utdanna skodespelar frå Det Norske Teatret og spelte hovudrollen i mellom anna Nila og den store reisa. Han har sidan 2019 vore instruktør i Den mangfaldige scenen og også utdanna lærar.

Liv Ulvik er utdanna kvedar på Noregs Musikkhøgskule, ho er dirigent, komponist og tekstutviklar og jobbar i krysninga mellom jazz, tidleg musikk, samtidsmusikk og tradisjonsmusikk.

Songlaget i Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) er eit blandakor med om lag 40 songarar i alder 18-75 år Ei av dei viktigaste målsetjingane deira er å ta vare på og skape folketoner og formidle nynorsk song.

Mari Eckhoff Tveito har vore dirigent sidan oktober 2017. Ho er utdanna Rytmisk Musikkonservatorium i København og gjeve ut plater som soloartist og med ulike ensemble, mellom anna den Grammy-vinnande improvisasjons-vokalgruppa.

Den mangfaldige scenen er eit teater der over 150 unge mellom 6 og 26 år får uttrykke seg, lære og skape i samspel med profesjonelle kunstnarar. Dei har utmerka seg nasjonalt og internasjonalt for eit banebrytande arbeid med unge og teater, og gjennom produksjonar og utøvarar som er nådd fram til mange tusen. DMS har sidan oppstarten i 2008 hatt årlege arbeider og produksjonar med Fosse sine tekstar.

Detaljar:

Dato
15. september
Tid:
19:00 – 19:40
Kategoriar:
,

Lokale

Nynorskens hus
Rosenkrantz gate 8
Oslo,
+ Google-kart
Nettstad:
https://nynorskenshus.no

Detaljar:

Dato
15. september
Tid:
19:00 – 19:40
Kategoriar:
,

Lokale

Nynorskens hus
Rosenkrantz gate 8
Oslo,
+ Google-kart
Nettstad:
https://nynorskenshus.no