Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

Oskar Stein Bjørlykke: Blikket

4. april kl. 17:30

- Gratis

Presentasjon av Oskar Stein Bjørlykke: Blikket. Noveller (2019). Det Norske Samlaget.

Om det universelle og eksistensielle ved å vere menneske.

Torsdag 4. april 2019 kl. 17.30

Kjellarstova på Kaffistova i Nynorskens hus

Servering: Kaffi og kaker

Gratis

Tilskipar: Vennelaget Samlagsrota

Påmelding på e-post: samlagsrota@gmail.com

 

Blikket inneheld 16 korte noveller om menneskelege relasjonar gjennom ulike fasar i livet. I samtale med Jan Inge Sørbø, forfattaren av Nynorsk litteraturhistorie, vil Oskar Stein Bjørlykke gje oss innblikk i eit mangfaldig og livslangt diktarunivers med utgangspunkt i Blikket, men også med bakgrunn i den dialektnære Huttiheito (1972) og studentromanen Agape (1992). I Nynorsk litteraturhistorie heiter det at Bjørlykke skriv klårt og djupt på same tid om gjenkjennelege situasjonar, som opnar seg mot djupner av undring, frykt og trøyst. Oppleving av fellesskap og gleda av finne rette, enkle ord er også berande element hos Bjørlykke.

Detaljar:

Dato
4. april
Tid:
17:30
Billettpris:
Gratis
Kategoriar:
,

Lokale

Kaffistova
Rosenkrantz' gate 8
Oslo, 0159
+ Google-kart

Detaljar:

Dato
4. april
Tid:
17:30
Billettpris:
Gratis
Kategoriar:
,

Lokale

Kaffistova
Rosenkrantz' gate 8
Oslo, 0159
+ Google-kart