Lastar Hendingar

« All Events

Småleik | Hundreleik

21. juni23. juni

Detaljert program og meir informasjon finn de på www.småleik.no 

Kva er Småleik?

Småleik er ei ein nasjonal sommarleir for barn som likar folkemusikk, folkedans og folkesong. Småleik har topp instruktørar og musikarar. Det blir framsyningar både av og for barna, aktivitetar på Norsk Folkemuseum på Bygdøy, og ikkje minst mykje, mykje moro!

Stemnet blir hovudsakleg halde på Apalløkka ved Lillomarka i Oslo. Her kan heile familien overnatte, og vi startar med ein superfest på fredag kl. 18.00.

Sjølve Småleik-stemnet er slutt innan klokka 15.00 på søndag, og går over i Folkemuseet sitt store jonsok-program ut over ettermiddagen. Dei som vil, kan fortsette festen på Folkemuseet heile St. Hanskvelden til ende.

Kven kan vere med?

Småleik er ope for alle barn og ungdomar i alderen 6–18 som anten driv med folkemusikk, folkedans eller folkesong – eller som har lyst til å prøve seg. Nybegynnarar og vidarekomne er like velkomne.

Mange deltek saman med gruppa eller laget dei vanlegvis er med i, men familiar, vennegrupper og enkeltdeltakarar kan òg melde seg på.

Medan du ventar på Småleik

Det skjer mykje spanande til våren, der du kan førebu deg til Småleik.

SAFFA-kurset 12. januar 2019: Årets samling for barn og ungdom byr på fleire kurs i spel, folkesang og dans på fleire nivå. Med fellesøkter for dans og song – og eksklusiv hotell-lunsj og softis-maskin! Lærarar: Vegar Vårdal, Øyonn Groven Myhren, Trine Sjølyst, Alix Cordray, Elisabet Olhans, Agneta Holmer Mæland, Marianne Tomasgård og fleire fine folk.

Oslosamlinga 15–16. mars 2019: Velkomen til eit døger med song, felespel og dans i Lillomarkskapellet! Oslosamlinga er Unge folkemusikere i Oslo si faste samlingshelg, og nokre av lærarane er Mats Johansson, Mari Skeie Ljones og Bjørn Sigurd Glorvigen.

Detaljar:

Start:
21. juni
Slutt:
23. juni
Kategori:
Nettstad:
https://www.deltager.no/smaleik

Detaljar:

Start:
21. juni
Slutt:
23. juni
Kategori:
Nettstad:
https://www.deltager.no/smaleik