Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

Sommaravslutning – Leikarringen i BUL Oslo

4. juni kl. 18:0020:00

På tysdag, 4. juni, frå kl 18.00 vert det avslutning for Leikarringen for denne sesongen. Slik det ser ut no skal det verta vér til å vera ute i, så me satse på å vera i Frognerparken! Leikarringen stiller med eingongsgrillar, slik at det er råd å ta med seg grillmat. Det blir òg aktivitetar av diverse slag, og det er veldig moro om du har ein leik, dans, song eller instrumenter på lur som kan bidra med å gi ekstra god stemning denne kvelden!

Om det skulle bli surt vér, flyttar me avslutninga til Teatersalen i Rosenkrantz gate 8. Då vert det ikkje moglegheit for grilling, men me lagar heller til eit samla bord der alle tar med litt mat kvar.

Me prøver oss på samme plassen som i fjor, som vil seia på venstre side når ein kjem inn hovudinngangen til parken.

Hjartleg velkommen skal du vera!

Detaljar:

Dato
4. juni
Tid:
18:00 – 20:00
Kategori:

Detaljar:

Dato
4. juni
Tid:
18:00 – 20:00
Kategori: